Du er her: Prosjekter » Ledelse av medisinsk virksomhet i primær helsetenesta i Nord Noreg

Hopp over seksjon - Til hovedinnhold - Topp

Søk »

Til toppen av siden

Ledelse av medisinsk virksomhet
"Kan den bli betre?"

Prosjektet tar utgangspunkt i medisinsk virksomheit i primær helsetenesta i Nord Noreg. Det skal fokuserast på ledelse av denne tenesta.

Prosjektet skal gjennomførast om ca 2 1/2 år og er delt inn i 3 fasar
1. Litteraturstudier
2. Informasjonsinnsamling frå kommunane og analyse av desse
3. utvikling av et strateginotat på bakgrunn av ovanstånde. 

 Utsnitt av 1. prosjektsøknad .

"Ledelse av medisinsk virksomheit har vore tema i  lang tid, men kanskje har diskusjonen i hovudsak vore å finna i sjukehusmiljøet. Medisinsk ledelse i primrerhelsetenesta har derimot vore meir sjeldan framme. Når det har skjedd har det vore brukt mest tid på ulike aspekt av problemstillingane medisinsk ansvarleg lege/medisinsk rådgivande lege,  tap av posisjon og autoritet. På denne måten har blikket vore retta mot den kommunale organisasjonen og korleis medisinsk virksomheit skal vera representert ved kommunelege I i ulike kommunale samanhengar. Krav til legen som fagleg Ieder innover i si eiga avdeling synest derimot ikkje å ha ratt den same oppmerksomheita.

 

Deter kommunelege I som i kommunal samanheng har knytta ledelse til sin funksjon. Det synest som om funksjonen som samfunnsmedisiner automatisk inneber erfaring og kompetanse som leder. Det er slik at vi har to hovudfelt for medisinsk virksomheit i kommunen, individretta medisin = klinisk  medisin og grupperetta  medisin = samfunnsmedisin. I "Samfunnsmedisin i Norge, teori og anvendelse" fleire red., er ikkje ledelse som tema gitt særleg plass. I "Utdanningshandbok i samfunnsmedisin" Magne Nylenna red. er ledelse som tema så vidt kommentert i kapittelet om Kvalitetssikring. I spesialistutdanninga  i allmennmedisin inneheld eit av grunnkursa ein bolk med fokus på ledelse.

Min påstand:
Ledelse synest ikkje å bli prioritert som viktig kompetanse i klinisk eller samfunnsmedisinsk arbeid i primrerhelsetenesta.
I Nord Norge har allmennlegetenesta i hovudsak vore fastlønna. Nå vil situasjonen endra seg med innføringa av fastelgeordninga der alle allmenn.legar i prinsippet vert private. Om viikkje har gjort det før så vil vi i alle fall nå stå over for ei verkeleg ledelsesutfordring i primærhelsetenesta. Primrerhelsetenesta er blitt enda meir kompleks. Auka krav fra pasientar og samarbeidspartnarar på alle plan viser at ei rekkje sider ved medisinsk virksomhet · ikkje kan handterast som om det er ein ny situasjon kvar gang eller at ein skal "flyte" på gamal vane. Konsultasjonen kan av den grunn ikkje isolerast til allmennlegen sitt kontor. Ofte set allmennlegen i tillegg i legesenter med andre legar og deler på fellesressurser I funksjonar. For å kunne yte kvalitativt godt fagleg arbeid vil difor lederkompetanse matte bli ein naturleg del av ein slik setting. Struktur, system og forutsigbarhet blir nokre nekkelord i dette.Vi har ei allmennlegeteneste med store problem. Ikkje minst i Nord Norge er andelen vakansar stor. Ingen turnuskandidat blir værande i ein kommune med mangelfull fagleg ledelse av tenesta. I alle fall utmerka den kommunen seg som har dette på plass og oftast ser vi vel at rekruttering av nye kollegaer her ikkje er noko problem.

Å få søkjarar til ein kommunallegeteneste der medisinsk fagleg ledelse er haltande utansystem og struktur, seier seg sjelv rnå være vanskeleg. Er ledelsesproblematikken i allmennlegetenesta i Nord Norge ein viktig medvirkande faktor til rekrutterings/ stabiliserings problemet eller kan den være eit hinder for å løyse det ? Ein føresetnad for godt fagleg arbeid er god ledelse, anten det er på individplan med var eigen ledelse av vart arbeid eller det er snakk om ein overordna ledelse pa gruppenivå ved legekontoret. Eg trur det er viktig at vi tek vare på denne sentrale delen av vårt faglege arbeid. Nettopp fordi faget og ledelsen er to sider av same sak, kan ikkje dette kompenserast av økonomisk adrninistrativt personell på etatssjefnivå i kommunen. Nord Norge er eit geografisk område med sin spesielle utkant problematikk. Dette deler vi med andre områder i verda. "Rural Health" eller "Distriktshelse" er eit samleord for mange av dei utfordringar primrerhelsetenesta star over for i slike områder.

Mine nesten 20 år i Nord Norge samt erfaring fra Afrika og Sentral Asia, har overtydd meg om at lederkompetanse i 1. linja ,er ikkje minst viktig under slike forhold. Også WHO understrekar  Iedelse som eit sentralt element i PHC strategien og spesielt i ein situasjon prega av ressursknapphet bade på personell, økonomi og utstyr.Er det mogeleg å definere eit ledelsesverktey utgatt fra og tilpassa primrerhelsetenesta i Nord Norge. Kan dette være eit verktøy som også kan fylle eit behov innafor ei meir generell ramme som "Disktriktshelse". Er der noko som kan kallast "Distriktshelseledelse"?"


Formidling


Det ble gjennomført en studietur til Canada, rapporten kan leses her.
Det er også gjennomført en studietur til Malawi, rapport nummer 1, kan leses her
J Hana, K Maleta, R Kirkhaug, T Hasvold "PHC Leadership: Are Health Centers in Good Hands? Perspectives from 3 districts in Malawi". Malawi Medical Journal;24(3): September 2012
Hana J, Rudebeck CE. Leadership in rural medicine: the organization on thin ice? Scand J Prom Health Care. 2011 Jun;29(2):122-8
Hana J, Kirkhaug R. Antecedents of Leadership Styles in Decentralized Medicine. Submitted Feb 2012 to Scand J Prim Health Care.
Hana J, Hasvold T. The Clinician in Leadership in Decentralized PHC: Does it matter? In progress planned submitssion April 2012


Prosjektleder: Jan Hana

ePhorte: 2009/8502
EUTRO: 7510.00067

Norsk English

Topp

Nasjonalt senter for distriktsmedisin. Institutt for samfunnsmedisin, 9037 Tromsø. Telefon: +47 776 45 512